Bedriftene ropar etter fagskulekompetanse
Tala understrekar ei tydeleg utvikling: Bedriftene treng meir kompetanse, og dei treng spesielt fagskuleutdanna med tekniske og IKT-retta fag.
60,5 prosent har udekka kompetansebehov
Ifølgje rapporten melder heile 60,5 prosent av norske verksemder at dei har udekka kompetansebehov. Dette nivået har vore høgt og stabilt over tid, og peikar på vedvarande utfordringar i norsk kompetansepolitikk. Behovet er størst innan:
- Tekniske fag
- Handverksfag
- Forsvars- og tryggleikssektoren
Når bedriftene blir spurde kva type kompetanse dei treng mest, er svaret klart: IKT og tekniske fag toppar lista.
Fagskulen står fram som ein nøkkel
Eitt av dei mest oppsiktsvekkande funna er at 64 prosent av verksemdene peikar på fagskuleutdanning som den kompetansen dei treng framover. Dette blir omtalt som «påfallande høgt» – og viser kor viktig fagskulesektoren er for å møte kompetansegapet i arbeidslivet.
Samtidig er det samarbeidsferdigheit og praktisk fagkunnskap som skårar høgast når verksemdene vurderer kva ferdigheiter dei faktisk manglar.
Kva hindrar videreutdanning?
NIFU løftar òg fram hindringar for etter- og vidareutdanning (EVU):
- For små og mellomstore bedrifter: kostnader
- For større bedrifter: utfordringar med å gje dei tilsette fri
- For mange: for dårleg oversikt over kva EVU-tilbod som faktisk finst
Dette samsvarer med tilbakemeldingane Fagskolen Viken møter i dialog med arbeidslivet.
81 prosent vil satse meir på EVU
Trass barrierane er viljen stor: 81 prosent av norske verksemder ønskjer å auke si satsing på EVU i åra framover. Administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, understreka i lanseringa at kompetansebehova no er så store at det trugar både vekst og deltaking i arbeidslivet:
– 60 prosent av bedriftene treng folk, likevel er det mange som står utanfor. Vi må løfte EVU, og følgje opp tiltaka Kompetanseutvalet har foreslått.
Han peikte òg på at unge i for liten grad vel dei områda arbeidslivet etterspør – som tekniske fag og IKT – noko som forsterkar gapet ytterlegare.
– I urolige tider blir det ekstra viktig å treffe med kompetansepolitikken. Omstilling krev kompetanse.
Regjeringa: eit teknologisk skifte krev ny dimensjonering
Næringsminister Aasland løfta fram at Noreg står midt i eit stort teknologisk skifte, og at dette gjev nye moglegheiter til å tette kompetansegapet – dersom utdanningssystemet er riktig dimensjonert.
– Vi treng meir av visse typar kompetanse. Regjeringa satsar derfor på tekniske fag og helse.
Eit nytt grep som vart annonsert, er at regjeringa framover vil budsjettere med kompetansebehov direkte i statsbudsjetta. Det betyr at kunnskap frå NHO sitt kompetansebarometer, NIFU og andre analysar i større grad skal styre dimensjoneringa av utdanningstilbod – frå universitet til fagskular.
Aasland understreka òg betydninga av samarbeid og læringsarenaer:
– Departementet er oppteke av at studentane skal inn på campus for å lære samarbeid i praksis. Dette er viktig for næringslivet.
Fagskolen Viken: - Dette er vårt samfunnsoppdrag
For Fagskolen Viken understrekar rapporten rolla fagskulane må spele i kompetanse-Noreg.
-Vårt samfunnsoppdrag er å leverer dei praktiske, arbeidslivsretta kompetanseområda som bedriftene etterspør – og vi har tett samarbeid med industrien om utvikling av nye tilbod, både som gradsstudium og som fleksibel EVU, seier rektor Eirik Hågensen.
Rektor er og glad for vektlegginga av fysisk oppmøte på campus. - Fagskolen Viken skiller seg litt ut når vi satser tungt på at våre studier ikke blir rent nettbaserte. Dette kan gi oss færre studentar, men vi ser at både gjennomføringsgraden og kvaliteten på utdanningen går opp nå ein samlast fysisk og må samarbeide i praksis.
Les mer om hva Norge trenger i NHOs kompetansebarometer 2025.